1985
Ein tysdagskveld på nyåret i 1985 samla kjerna av songspirer i Fjell seg i eit klasserom på Kolltveit skule. Etter initiativ frå Hans Rasmussen var dirigent Roger Martin klar med taktstokk  og David Weaver sat ved pianoet. Fjellkoret var eit faktum!  80-90 songarar møtte opp den første kvelden.  Flygeblad i postkassane i heile kommunen om oppstart av eit politisk og religiøst nøytralt kor hadde gitt resultat. Dei yngste jentene stilte med bleika hår og pastellfarga tversoversløyfe.  Unge ambisiøse menn med raude bukser og skinnslips.  Både unge og litt eldre hadde solide skulderputer og kvite tennissokkar.  Med blå og raude striper. Oppi mokasinane…

I starten  hadde vi ei songbok. Og songbok er greitt det. For tålmodige sjeler som berre vil syngje for å syngje liksom.  Slik er vi ikkje i Fjellkoret. Det viste seg fort at Fjellkor – songarane var rastlause sjeler. Det måtte skje noko. Heile tida! Det gjekk ikkje meir enn to år før koret var klar med si første oppsetjing. Og ikkje berre ei oppsetjing til glede og underhaldning.  Nei, her var det snakk om konkurranse. I open klasse.  Sjølv syntes vi at vi hadde ein fin balanse mellom ulike språk, men dommarane var visst ikkje like språkmektige som oss. Dei tok våre vakre islandske og finske innslag for å vere “vel mykje bruk av dialekt“! Vel, vel, så nådde vi ikkje heilt opp i den første konkurransen vi var med på, men ein gir nå ikkje opp etter første forsøk! Fjellkoret har nemleg ein førsteplass å vise til.

I 1997 gjekk vi heilt til topps i “Syng for oss“- konkurransen til Norges Korforbund.  Igjen i open klasse.  Men før vi kom så langt fekk vi gjort mange andre minneverdige ting, for konkurranse har faktisk ikkje vore det viktigaste for koret.  I 1990 gav Fjellkoret ut ein julekassett.  Innspelt i Landro kyrkje over ei helg, med eit – om vi skal seie det sjølv- ganske bra resultat. Vi selde faktisk eit bra opplag av kassetten vår!

Fjellkoret likar også å reise på seminar. Det styrkjer det sosiale og fremjer det musikalske. Etter eit par seminar i Hardanger og eit på Voss, gjekk Fjellkoret sine seminar i mange år føre seg på Litlabø på Stord.  Dei siste åra har vi igjen reist litt rundt omkring. I tillegg til seminar ein gong eller to i året har vi også lagt bak oss turar til Praha, London og Stockholm.

I 1992 var det Beatles-kabaret, med Roger Martin ved taktstokken. To år seinare sto Kleppevik i fokus, med Ingrid Fjær Hanevik som dirigent. Tiårsjubileet vart feira med attendeblikk på gamle songar og eit heilt eige verk, komponert av vår mangeårige pianist David Weaver.  1997 var året for prisar. Vi fekk nemleg også Fjell Kommune sin kulturpris dette året! 

I 1999 var vi inspirert av hundreårsskiftet og sette opp suksesskabareten “Musikk i hundre“. Igjen med Roger som dirigent. “Stril i London“ gjekk for fulle hus i 2002.  Det er ikkje få gongar vi har fylt Fjell Kulturhus til randen!

I 2003 takka Roger Martin av som dirigent. Øystein Weider kom inn og leia oss gjennom eit år. Med Øystein som dirigent og Tove Kragset som repetitør sette vi i gong arbeidet med koret si tjueårsmarkering. Før oppsetjinga var klar flytta Øystein og vi måtte på dirigent-jakt igjen. No overtok Steinar Sætre. Han losa oss gjennom "Simply the Best" med glad åttitalsmusikk hausten 2005.  Ikkje den største suksessen til Fjellkoret gjennom tidene, men kjekt var det likevel!

I 2006 var vi med på ”Back to New Orleans”; eit samarbeidsprosjekt med Rong Brass og Lousiana Washboard Five. Eit par svingande gospel – og jazzkonsertar i heilt ny stil for Fjellkoret sin del!

I 2007  var det duka for ein ny suksess. I samband med at Jacob Sande ville fylt 100 år i 2006 sette vi opp ”Det kveldar på Kobbeskjer” – Jacob Sande i ord og tonar.  Fulle hus og strålande kritikkar!  I desember 2007 mottok vi Fjell Musikkråd sin heiderspris. Heider og ære set vi alltid pris på!

I november 2008 festa vi julerepertoaret vårt på CD. Prosessen var slitsam og spanande og vi var nøgd med resultatet. Vi selde bra og fekk gode kritikkar. Men som kjend kviler ikkje Fjellkoret på laurbæra. Like over jul sette vi i gong med å førebu oss til vårt 25- årsjubileum.

Vi valde å satse på musikk frå vår eigen landsdel og prosjektet fekk snart namnet ”Vestlandet i meg”. Med Steinar som dirigent og Helga Golten som engasjert regissør og koreograf spelte vi hausten 2010 igjen for fulle hus i Kulturhuset. 

Etter jubileumsoppsetjinga har vi hatt litt rolegare tider. Vi fekk med oss Songarstemne i Haugesund våren 2011, der tittelmelodien frå oppsetjinga vår ”Vestlandet i meg” gav oss mykje merksemd.

Hausten 2013 sette vi opp ei miniframsyning av Kleppevik-kabareten vår. Vi fylte Liaskjærshallen to gongar med kystkultur og glad Kleppeviksong.

I mars 2015 var tida inne for ny, stor framsyning i Kulturhuset på Straume. Vi valde å gå ”På raud løpar”, men filmmusikk frå inn- og utland.  Framsyningane var godt besøkt og publikum sette pris på våre friske fråspark på scenen. Ann Elisabeth Tveit stod for den musikalske leiinga og Yvonne Algrøy styrte oss med kyndig hand på scena.

Etter turen vår på raud løpar måtte vi igjen roe ned.  Vi hadde eit par år der vi var rundt på ulike små oppdrag i nærmiljøet, i tillegg til songarstemne i Haugesund. Det vi kanskje kjem til å hugse best frå denne tida er oppdraget vi hadde i samband med Sykkel-VM. Vi spaserte langt vest på Algrøy der vi song og vart filma til ein promo-film for regionen vår. Song i høljande regn i fleire timar vart belønna med tre sekund i filmen.

I oktober 2018 var det klart  for premiere på ny framsyning.  Mykje øving både musikalsk og scenisk før vi endeleg stod på scenen med ”Eg ve`te` Bergen”.  Låtar av bergenske artistar frå fleire tiår vart koreografert av Yvonne Algrøy, og vår dirigent Ann Elisabeth Tveit hadde det musikalske ansvaret. Rundt 800 publikummarar fekk med seg framsyninga vår i Kulturhuset på Straume denne gongen.

Hausten 2019 overtok Jan L. Jacobsen som dirigent. Lite visste vi då om alle dei visjonane han hadde, men vi gjekk travle år i møte. Ikkje med ein gong, for som alle andre, måtte vi setje korsongen på pause etter julekonserten dette året. Covid sette ein stoppar for dei neste to julekonsertane, men vi fekk med oss “Det store korslaget” i Sotra Arena i desember 2020.

2021 vart året vi igjen kunne gi full gass. Trudde vi. Det var mykje øving og vi starta førebuingar til nytt prosjekt. Vi var med på haustkonsert og hadde seminar i Rosendal, før Covid sette stoppar for julekonserten også dette året.

2022, derimot, var eit godt korår! Koristane var svoltne på å syngje og opptre, og publikum var klar for underhaldning. Korseminaret gjekk av stabelen i Rosendal dette året. Vi øvde inn gamle, velkjende låtar og samla gode minner frå kormedlemmene som vart grunnlaget for RETRO-framsyninga vår i september, der Sturle Igland Bjordal var regissør. Kampen om billettane var faktisk stor denne gongen! Det same skjedde under dei to julekonsertane. Etter juleseminar i Øystese fylte vi Foldnes Kyrkje to gongar på same dag!

Vi gjekk inn i 2023 med stor sjølvtillit og aukande medlemsmasse. I kjent Fjellkoret-stil kjørte vi på med nye planer og nye oppdrag. Først nyttårskonsert, før vi i mars arrangerte konsert og foredrag saman med hypokonderlegen Ingvard Vilhelmsen og kona Rhoda. Parallellt med dette var innøvinga av Showtime i gang. Det var også starten på Jan sin visjon om å få Fjellkoret til USA. Samarbeidet med den nasjonale komiteen for norsk utvandring til USA gav snart lokale resultat. Vi laga video av Jan sin låt “Draumen om Amerika” som vart offentleggjort i mai. Hausten 2023 var vi med på Korforbundet sin Høstkonsert og avslutta året med to utselde julekonsertar i Foldnes Kyrkje.

2024 skulle ikkje bli eit mindre travelt år. Tradisjon tru var vi med på Korforbundet sin nyttårskonsert, denne gong som arrangør i Foldnes Kyrkje. Vi arrangerte også Valentinskonsert i Foldnes Kyrkje i mars, der vi inviterte med oss Kulturskulekoret, Roy Vorland og Vivian Steinsland. Fullt hus også her. Vestlandsrevyen var og laga reportasje og i etterkant av dette fekk vi gjeste Morgonsendinga til NRKHordaland i mars. Kjekk oppleving med heile koret inne i eit trangt studio. I juni var det igjen tid for Sommarsong med lokale kor. Vi hadde også filmkveld på Sotra Kino med filmen “John, den siste norske cowboy”. Filmskapar Frode Fimland holdt også foredrag for oss denne kvelden.

Den store satsinga i 2024 var SHOWTIME - Fire fullsette saler i Kulturhuset med songar frå Broadways scener. Sturle Igland Bjordal var regissør også her.  I desember gjennomførte vi to utsolgte julekonsertar i tradisjonell stil i Foldnes kyrkje.

Då kalenderen synte 2025 var det berre å hive seg rundt og begynne øvinga til jubileumsfeiring. For i år rundar FJELLKORET 40!  Vi fekk æra av å opne Torgdagen i Bergen i 31.mai og  no er det full fokus på DLL - Det løfterike landet - som vi skal framføre i Stavanger Konserthus den 4. juli, Førde Kulturhus den 6. september  og den store finalen i GRIEGHALLEN den 14.september.  Regissør denne gongen er Steinar Thorsen, musikalsk leiar er framleis Jan L. Jacobsen og Tarjei Vatne er trufast på tangentane.


1990

1992
1999
2003
2006
2007
2008
2010
2011
2013
2015

2018
2019
2020
2022
2023
2024
2025